Treng stabile sildekvoter


Publisert 31.10.2017 av Øyvind André Haram Sjømat Norge  Industri  

- Kvoter som sprett opp og ned gjer marknaden ustabil. Forvaltarane bør sjå nærmare på mekanismer for å regulere fangsten meir stabilt, seier fagsjef Kyrre Dale om dei nye kvoteråda for NVG-sild frå ICES.

Kyrre Dale, fagsjef og ansvarleg for pelagisk i Sjømat Norge, meiner kvoteråda for NVG sild bør vere meir stabile. FOTO: Sjømat Norge.

Tirsdag la havforskarane fram nye tilrådingar for kor mykje norsk vårgytande sild som bør fangstast i 2018. Medan råda vart meir enn dobla frå 2016 til 2017 er no anbefalingane ein reduksjon på 41 prosent for neste år.

 – Erfaringane våre tilseier at det er viktig at forvaltarane ser nærmare på den såkalla haustingsregelen, altså korleis vi fangstar silda. Det er vanskeleg å skape verdiar når kvotene sprett opp og ned raskere enn markedene klarer å tilpasse seg, sier fagsjef Kyrre Dale i Sjømat Norge.

For andre fiskebestander er det allereie på plass stabiliseringsmekanismer i haustingsreglane. Dale seier at dette er med på å jamne ut nivået på kvotene frå år til år. I tillegg vert kvotefastsettinga mer forutsigbar og mindre påverka av kortsiktig variasjon.

-For makrell og kolmule er det avtalt at kvotenivåa maksimalt kan reduserast med 20%, og maksimalt aukast med 25% frå år til år. Dersom vi hadde gjort det same for silda, ville vi unngått situasjonen i år der marknadane fyllast opp med sild og prisane rasar ned, seier Dale som legg til at fiskeindustrien møter store utfordringar når det er slik.

– Slike store variasjonar er ikkje bra for verken dei som produserer sild og ikkje minst kjøparane ute i verda. Vi meiner difor at det no vil vere riktig at det også vert innført ein slik stabilitetsklausul for norsk vårgytande sild.

Vil du vite mer?

 
Kyrre Dale
Kyrre Dale
Fagsjef industri
Mobil: 913 76 551

Vil du lese mer?

Previous articles arrow. Next articles arrow.

Landskonferansen for restaurant- og matfag

Rekordstort oppmøte på årssamling i Havbruk Nord

Ber om innspill til bærekraftig havbruk

Godt grunnlag for mer verdiskaping fra havet

Workshop om rømming/tap av fisk fra sjøanlegg

Sjømateksport på 94,5 milliarder

Vi ønsker deg…

Godt møte med fiskeriministeren

Maskinoffiserer og sjømatrederi med tariffavtale